fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

 HOVUDSIDA
NYHENDE
SPORT
KULTUR
MAGASIN
LEIAR
LESARINNLEGG
FOTOALBUM
Søk i arkivet :
ABONNEMENT
Teikn abonnement
Last ned avisa

ANNONSER
Prisar
Rubrikkannonser
Send inn annonse

TYSVÆR BYGDEBLAD
Tilsette
Fakta om avisa
Redaktøransvar
 
Tips oss!

Tysvær Bygdeblad
Postboks 13
Tysvær Aksdal Senter
5575 Aksdal

Telefon:
52 75 74 00

E-post:
post@tysver-bygdeblad.no

Lenker
:
Mariano-bloggen
Haugesunds Avis
Tysvær Kommune
Andre lenker


Utvikla av
InBusiness AS

Tysværdelegasjon til Amerika
Kine Knutsen,  13.05.04

I går reiste ekteparet Einar og Rotraud Slogvik saman med kultursjef Ingvar Frøyland og 12 andre tysværbuar til California for å vere med på avdukinga av Tysværs mest bereiste bautastein.


Ekteparet Einar og Rotraud Slogvik er pynta og reiseklare til Amerikaturen. Foto: Kine Knutsen

Den utrulege historia om bautasteinen som vart sendt heilt frå Tysvær til California i USA byrja for fire år sidan. Det norskætta ekteparet Keith og Peggy Wheeler kom til Tysvær for å leite etter dei norske røtene sine. Ekteparet Slogvik, som bur på den garden der Wheeler sin stamfar Jakob Andresen Slogvik levde for nær 200 år sidan, fekk difor besøk av amerikanarane. Saman la dei planar om å reise eit monument over stamfar Slogvik i Amerika.
— Fyrst trudde me aldri at planane om å flytte bautasteinen til Amerika skulle setjast ut i livet, men litt etter litt fall ting på plass, og no er Wheelers draum om å få reisa eit heidersmonument over stamfaren endeleg oppfylt, smiler ekteparet Slogvik.

Norsk immigrant
Berre 17 år gammal utvandra tysværguten Jakob Andresen Slogvik frå Noreg til Amerika. Han var kvekar, og mest sannsynleg er grunnen til at ungguten utvandra nettopp forfylging av kvekarar her i landet. 4. juli 1825 reiste Slogvik saman 52 andre kvekarar på Noregs fyrste organiserte Amerikautvandring. Med skipet «Restauration» sette dei kursen mot «den nye verda» med håp og draumar om eit nytt liv. Dei fleste andre immigrantane frå Noreg busette seg i midtvesten, men Slogvik var den norske immigranten som flytta lengst vest i landet, nemleg til den solfylte staten California. Lite visste Slogvik då at det 200 år seinare skulle reisast eit heidersmerke over han, og at ein bautastein frå garden i heimkommunen skulle fraktast den lange vegen frå Tysvær til Amerika.
Bautasteinen
Steinen som veg 1,3 tonn vart funnen av Einar Slogvik i slutten av 1960-åra, og hadde lenge vore til pynt på Slogvikgarden. Sankthans i fjor vart steinen sendt av garde til Amerika, og det tok steinen like lang tid å kome fram som det gjorde då Jacob Slogvik utvandra i 1825. Det siste året har amerikanarane Wheeler jobba aktivt med å gravere den 2,8 meter høge steinen, samt utarbeide program for avdukingsseremonien av minnesmerket over Slogvik.
Avduking
Den 15. mai er det tid for avduking av bautasteinen, og det er ein storslått seremoni som ventar tysværbuane. Både amerikanske senatorar og kongressmenn står på talarlista samen med talarar frå det norske reisefylgjet.
— Alle damene som reiser frå Tysvær skal ta med seg bunadane sine, og vårt innslag under seremonien er å synge «Fager kveldssol smiler» i ført nasjonaldraktene våre, seier Rotraud blidt. Ho og ektemannen, samt kultursjef Frøyland, er tre av dei norske talarane.
— For oss har prosessen med sending av bautastein og amerikareise vore veldig interessant og lærerik. Me ser ting i eit meir historisk perspektiv no, og har lært utruleg mykje om utvandringane som me ikkje hadde kjennskap til tidlegare, fortel ekteparet, som har pløgd gjennom mange sider litteratur om Amerika-utvandringa. Alle 9 bind bygdebøker er lest samt andre aktuelle verk om emigrasjonen frå Tysvær.
Men reisegruppa frå Tysvær har også andre ting på programmet under Amerikareisa. I Sacramento skal tysværbuane grava etter gull, dei skal på sightseeing og vere med på utallige middagsselskap hos det amerikanske vertskapet. På 17. mai er tysværdelegasjonen invitert til å feire nasjonaldagen i den lokale Sjømannskyrkja.
— Det er ingen tvil om at me kjem til å bli tatt i mot med opne armar. Me opplever å bli invitert på middag hos menneske me aldri før har møtt, og det er ein sann gjestfriskap me aldri har opplevd maken til, kan Einar og Rotraud fortelje.
Ekteparet Slogvik er svært takksame for den støtta Tysvær kommune har vist prosjektet med sendinga av bautasteinen til Amerika.
— Det var Tysvær kommune og Tysvær historielag som sponsa sendinga av bautasteinen, og då historielaget skulle velje logo for ei kort tid tilbake, måtte det sjølvsagt bli ein bautastein. Denne logoen fortel om Tysvær si viktige rolle i den norske immigrasjonen til Amerika, og for oss er bautasteinen også eit bilete på fire opplevingsrike år som me aldri ville vore forutan, avsluttar ekteparet Slogvik blidt.



Tips en venn om denne nyheten.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Stegaberg og Skjold kjempar hardt for å ikkje rykke ned. Kven held seg?
• Skjold
• Stegaberg
• Ingen av dei
• Begge
Antal svar hittil: 23
• Begge: 30.43%
• Skjold: 39.13%
• Stegaberg: 30.43%