|
|
Tysvær-fana endeleg på plass Alf-Einar Kvalavåg, 20.05.09 I dag kunne leiar av historielaget i Tysvær, Vidar Aarhus og kultursjef Ingvar Frøyland invitere til montering av Tysvær-fana i Tysværtunet. Ester og Norman Nelson fekk sjå fana dei gar tatt vare på blei montert på Tysværtunet. Vidar Aarhus og Ingvar Frøyland (t.h) Foto: Alf-Einar Kvalavåg – Dette er ein stor dag for oss og ein kan godt seie at nå er fana heime. Det har vore ein stor jobb å få alle bitane på plass. Det er både den mest kostbare og tidskrevande jobben me har hatt i historielaget så lenge eg har vore leiar, seier Aarhus. Under dagens seremoni i utsillingslokalet til «Reisen til Amerika» var også familien Nelson til stades. Den amerikanske familien har teke vare på fana dei siste 40 åra. – Å ha fana som blikkfang når ein kjem inn i utstillinga er heilt perfekt. Nå både oppfordrar og håper eg tysværbuen tek seg tid til å vitje utstillinga, seier Vidar Aarhus. Kultursjef Ingvar Frøyland gjentok takkehelsinga frå kyrkja i Tysværvåg, 17. mai. – Me er svært glade for at fana nå er i Tysvær. Tusen takk, sa Frøyland til familien Nelson.
« Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||