|
|
Prisen endeleg i hus Alf-Einar Kvalavåg, 15.05.09 Det har gått nokre månadar sidan Trygve Hebnes fekk vite at Grindafjord Feriesenter var kåra til landets beste campingplass i 2008. I ettermiddag dukka diplomet endeleg opp. Trygve Hebnes (t.v.) fekk endeleg diplomet av president Kjell P. Kolberg, som syner at Grindafjor Feriesenter er best. Foto: Alf-Einar Kvalavåg – Dette er ein særdeles veldriven og flott campingplass som har lagt til rette for akkurat det våre medlemmer set pris på. Den er veldriven, har eit fantastisk vertskap og har det tilbodet ein campinggjest er på leit etter. Det er med stor glede eg vil overrekke diplomet til Grindafjord Feriesenter, sa president Kjell Petter Kolberg i Norges Caravan Club (NCC) under ettermiddagens seremoni. – Me er stolte over å vere landets største avdeling av Norges Caravan Club og samstundes ha den aller beste campingplassen i landet i vårt område. Slikt er motiverande, sa leiar av lokalforeininga Kjell Høyvik i sin hyllesttale til familien Hebnes. Også ordførar Harald Stakkestad rosa Grindafjord feriesenter og rakk ut ei tydeleg hand om eit vidare samarbeid mellom næringa og kommunen. Også representantar frå verksemdene som sel campingutstyr, hadde med seg rosande ord. Grindafjord Feriesenter vann konkurransen etter ei avstemming blant NCC sine medlemmer. – Eg må få takke for prisen nok ein gong. Dette er svært inspirerande for oss. Me har valt ein måte å drive campingplassen på som passar til mottoet; «Om ungane har det kjekt, så har foreldra ferie». Tusen takk til alle, takka Trygve Hebnes.
« Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||